mandag 11. april 2016

Balsfjordpåske!

Etter eit langt bloggopphold er det vel på tide med eit aldri så lite innlegg. Kanskje kjem det fleire, kanskje ikkje. Her er uansett ein liten smakebit av all den gode snøen eg og mi kjære fekk køyre i Balsfjord då vi var der! Ingenting slår deilig tørr snø og sol!


onsdag 18. februar 2015

Romantisk skredprøvesmak i kuling med sportstapefeller i vill flukt.!



Ein Søndag, etter ein ikkje spesielt fuktig Laurdag hadde vi planlagt ein tur. 

Sola skein, fyllesjuka var fråværande og alt låg til rette for ein fin dag på fjellet! 

Vi ladde termosen med pølser, kjøpte lomper på Kiwi og suste innover mot Standdalen. 




I bilen var det framleis litt uklart kvar vi skulle parkere. 
Tok ein råkjangs på ei parkeringslomme der ei bestemor spente på seg skia frå 1950 i raude bomullsgamasjar og ein snippsekk. Dette måtte vere vår rute!

Det stemte jo og!




Etter å ha spent på oss ski, sjekka at vi ikkje hadde Sender-mottaker og konstatert at vi hadde bakglatte ski satte vi avgårde etter bestemor. 

Ein liten kilometer over eit jorde og vi var i gong på stigninga, her byrja moroa! 
Stine fekk heil-fellene, eg satsa på kortfell+sportstape! Eit tjuvtriks som eg vart fortalt skulle virke, men som aldri hadde vore utprøvd!
Heldigvis har eg nettopp voksa skia mine hinsides all glattheit! Sjølvaste Northug ville vært imponert av gliden. 
Feste derimot, var fullstendig fråværande! 


Lenge leve tjuvtriks... Dei levde i omtrent 500 meter, så var det som å ha smurt med blå swix på is. 
Stine stortrivdes på feller, og labba i det eksisterande sporet. Eg la om til fiskebeinsgir. Heldigvis var det ikkje så djup snø. 

Kanskje like greitt at festet svikta. 




Kort tid etter at fellane svikta gjorde motet det også.! 

Vi hadde, som nevnt, ingen Skredsøkar. Eller, vi hadde 1, men det er no passe meiningslaust. Den la vi att. 






Det ser kanskje ikkje slik ut, men det var faktisk rett i underkant av 30 grader bratt, altså innafor sweetspotten der det kan gå skred. 

Når vi kom lenger opp i henget viste det seg at vi befann oss i ei påbegynt le-side. Det hadde begynt å blåse tidlegare den dagen. 

Periodevis piska vinden imot oss med snøføyke, men det var framleis god og slushy påskesnø vi gjekk på, ikkje innblåst. 



So far so good. 












Rundt 60 høgdemeter frå ryggen før toppen begynte snøen å bli mjuk, type innblåst. Eg fekk bange anelsar, men sa ikkje meir enn et "hmm" og stappa staven godt nedi snøen for å sjekke tjukkelsen på laget. Ca 10 cm, framleis uproblematisk. 
Eit lite minutt seinare gjekk vi på rekke i "skituppfølgemodus", men så kika eg opp. 
Omtrent 50 meter til venstre i ei spesielt bratt side kanskje 40-45 grader rulla knyttnevestore snøballar nedover sida. 

"Uhm, Stine, sjå" - Sa eg. 
"Oi.!".. 

"jepp.. Vi går over til andre sida av henget" 

Der vart vi møtt av fareteikn nr. 2, sprekkande snø rundt skia. Omtrent 20 cm innblåst snø over skarelag eller eit potensielt sva. Sidene på andre sida av Standdalen var befengt med laussnøskred som hadde gått på den glattpolerte steinen som følge av mildværet. 

"Greit, no køyrer vi ned igjen" - sa eg, dette er vi ikkje utstyrt til. 
Det hadde nok ikkje gått eit skred, men, bedre å snu enn å plutselig ligge der fastklemt i ei trang snøgrav på lånt levetid. 

Fjellvettregel nr.8 - Det er ingen skam å snu i tide.

Vi segla nedover i upåklagelig telemarkstil til beundrande blikk frå ei gruppe med randogjengarar på veg opp samme sida. Forhåpentligvis betre rusta enn oss til å ferdast i skredfarleg terreng. 
Dei valgte ei litt anna rute, kanskje dei ikkje traff på fokksnøen - eller dei ignorerte han.

For at vi hadde tatt ei god vurdering og snudd tidsnok naut vi no fruktene av avgjerdsla i le bak ei granbusk. Termospølser i lompe, nøtter og sjokolade har aldri smakt betre!  

Fordi turen vart litt kortare enn forventa gjekk vi beastmode i klatresiloen seinare på kvelden! Stine klatra ALT (som ho prøvde på!)!! 

Herleg Søndag! Mykje betre enn å ligge flatt på senga med tømmermenn og sandpapirhals.! 

Kva lærte vi? 
- Lån skredutstyr
- Skaff eit ekstra par heil-feller.
- Ta med meir lomper. 

Håpar du lærte noko! 
God tur! 



tirsdag 6. januar 2015

Urban Tur!

Då var ein i gong igjen.

Eit nytt år, nye opplevingar, nye sjansar. Heile den smørja der!

Eg tok derfor ein skikkeleg langtur!

Destinasjon: Midgard, Tåkefjella. 
Sånn 3D tur med briller, popcorn you name it!  

Skulle på tur med ein fyr som heitte Bilbao Humlesnusk eller eitkvart sånt. Drepe dragar å greier. 
Hørtes jo voldsomt spennandes ut! 

Du kan tru eg tok feil! Holdt på å sovne midtveis opptil fleire gongar. Trur brillene var gått i vranglås på kunstpauser og sakte utzooming. 
Gjentakelsar var det nok av! 
I løpet av 10 minutt sa 3 forskjellige karakterar AKKURAT samme REPLIKK! 

Vidare var turen prega av meiningslaus preiking som gikk så seint at ein hadde rukke ei dopause før det vart skifta bilde.

Du trur kanskje eg, som tykkjer Expendables 1,2 og 3 er underhaldande filmar, ikkje kunne gå lei av å sjå alvar, dvergar og orkar dælje laus på kvarandre? Jo, det gjorde eg faktisk, og det skal gå ei god stund før eg vågar meg innom Midgard igjen. 

Peter Jackson. Kjære ex-venn. Eg er storfan av dei tidlegare filmane dine, men ALDRI har 2,5 time med innsovningsmedisin vore brukt så mykje pengar på å lage. Vore hypa opp og ut av proporsjonar med episke trailerar frå både fjern og nær! 

Eg er mildt sagt skuffa. 

Besviken, er vel heller det rette ordet! J.R.R Tolkien snur seg i grava kvar gong ein kinogjengar betalar 110 kroner av sitt stakkarslege stipend for å sjå det mølet av ei tolkning. 

"Based on a novel by J.R.R Tolkien" sto der når eg våkna av rulleteksten som gjekk over skjermen. Blandingsforhold 1:30! Den var meir skuffande enn Coca Cola på McDonalds.    

Karakter: "Ingen kommentar" 

torsdag 18. september 2014

Haugabreen - Bedre seint enn aldri! (trur eg)

Då var skulane i gong igjen! Endeleg!

Turlysta har knadd på hjernebarken sida...forrige gong!

20 minutt før oppmøtetid er heile Friluftsliv Fordjupning samla i gangen på Kaarstad, alle like gira på å komme avgårde.

Bobilar, små bilar, store bilar vert lasta med eit oppkomme av flott Norsk og Belgisk ungdom som sett kursen mot Haugadalen på 3 dagers Bretur.



Tungt lasta med alskens godbitar i AAALT for tunge sekkar på lang, lang rekke legg vi avgårde opp mot basecampen nedanfor breen. Min sekk var iallefall for tung til at eg ville gått voldsomt mykje lenger med han... Stig, erfaren som han er, går heller to gongar framfor å bere tungt. Eg for min del går berre ein gong, om mogleg. Det er ei prinsippsak...

På kvelden vart det god stemning rundt lykta, i mangel på brukbar bålved, og eit bålforbud som framleis var aktivt.


Dag 2. Vi sett kursen mot breen. På veg stoppar vi for å sjå om nokon veit noko om blomstrane vi finn. Stig og Floraboka veit mest.



Vi er ikkje spesielt store i forhold til dette massive ismonsteret... Pause og besikting av kvar vi skal gå inn på breen. 

På med stegjern og innknytting i taulag. Skikkelig skal det vere! 



Etter litt grunnleggande stegjernsteknikk tek vi lunsj på steinane, og forbereder oss til kameratredning. 



Å nei vi falt i sprekken! Kva no?! 
Jo det skal eg fortelle deg! 
Avlast tauet, bakerste mann sjekkar at alt står bra til med den som datt ned, byggjer 1:2 talje og heisar vedkommande opp. 
Enkelt? Nei. 


Etter redningsøkta tek vi ein liten spasertur lenger opp på breen før vi returnerar dit vi kom frå. 




Når vi har sjekka at alle studentane har blitt fiska opp frå sprekken sett vi kursen tilbake mot leiren.

Middagsfella luskar slukøyra bak oss. Det har vore ein lang dag på breen...


Iløpet av dagen har breen smelta meir enn om kvelden, dette førte til at breelva vaks ganske merkbart. Skumle greier, med tanke på at vi satt opp telta ganske nær elva... !

Dag 3. Alternativ rute Dagen. 


Vi bestemte oss for å sløyfe turiststien og finne vår eigen veg opp svaet på høgresida. Artig med moreneryggar. 


Bra plan! 


Ein skulle tru vi var komne til ei lagune i dei sydlegare himmelstrøk


Kjærleik til naturen får plutselig eit heilt nytt perspektiv når ein ser sånt. 


Definitivt ei finare utsikt frå denne sida, men også ein meir utfordrande inngang til breen. På venstresida var det slakt og fint, men på høgresida av breporten var det litt meir..Utsatt. Utglidning vart plutselig ei reell fare med ganske alvorleg konsekvens. Stein er hardt, og is er skarpt. 

Men, kloke ord frå Tindevegledar Gjert og fokus på stegjernsteknikken frå gårsdagen losa oss fint inn på breen utan varige mèn.



Målet for dagen: gå langt, og gjerne så ulendt at vi ikkje kom oss vidare. Så sagt så gjort. Frå området der vi tok lunsj til vi vende nasa heim gjekk vi vel omtrent 50-60 meter eller noko slikt. 



Og der har eg tatt mitt siste bilde for turen. På veg ned igjen tok eg ingenting nytt, og viser derfor noko gammalt.













Telefonen hadde lyst å installere oppdatering midt på natta. Den som søv får derimot ikkje involvere seg i slike avgjerder. Då vart han berre liggande der og spørje!  

Resultat: 70% til 0% batteri i løpet av natta, fordi telefonen ikkje hadde vet nok til å slutte å mase. 

På toppen av iskaka har eg investert i solcellepanel med innebygd batteri for å forhindre at sånt skal skje. 
Det hjelp jo lite når eg har glømt kabelen til telefonen...   

Men, fortvil ikkje! 

GoPro'n har ikkje vore i bruk, og har derfor mykje batteri til å dokumentere isklatring, utglidning og test av kor bratt vi kan klare å gå med stegjern. Interessant! 

Stay tuned for meir tur og, når eg gidd å redigere det; video! 







tirsdag 8. juli 2014

Skodde, yr og bortgått fyr!



Tullingen vandrar igjen! Denne gangen gjekk turen til Hjelmelandsdalen. Eg fekk nyss i at Brodern skulle på besøk til Madammen på Bjørhovde, og etter få minutt på Ut.no var turen planlagt. Etter ytterlegare minutt var sekken lasta med havregraut, gulasj og kaffi.  

Nærmare bestemt gjekk turen innom Furuhogane-Storegga-Storeggvatnet-Blåfjellvatnet-Blåfjell-Vardegga-Nesbakknakken-Bakke.

Turen starta på, som sagt, Furuhogane. Eg var mildt sagt optimistisk då vi køyrde innover fjorden. Sola skein, termometeret viste 23 grader og det var ingen tegn til verken skodde eller regn. Herleg!
Gleda skulle bli kortvarig.
5 timar, for å vere nøyaktig. 


I første omgang sikta eg meg inn på Storegga, smått i tvil på om eg skulle berre traske meg rett opp skitrekket eller følgje stien som snirkla seg langs elva. Eg velde stien. På veg oppover såg eg ein kar i sine beste 50-år i treningskle og fullt firsprang oppover Downhilløypa. Sikkert ein motbakkeløpar som spring til topps tenkte eg... Midt i første henget gjekk han over til å gå. Kom-Til-Kort-mot-Bakken-løpar med andre ord.

Vi som er tilreisande og er på Harpefossen stort sett vinterstid kan få litt av ei overrasking over landskapet som er der sommarstid. Eg hadde sett for meg lyngkledde fjell med småvatn og litt myr. Realiteten er ei heilt anna!


Kjenndalen og omegn er jo nesten berre ei einaste stor steinrøys! Å drive skisenter her kan eg forstå er utfordrande. Dei treng jo fleire meter snø berre for å komme seg over ura! 

Jaja, tullingen traskar i veg med vinden i ryggen. For blåste gjorde det! Det skulle heitt Forblåstegga, ikkje Storegga! Når ein først var komen opp til toppen av skisenteret var det ikkje rare distansen opp til ho.


 Eller..? Trur det var lenger bortover..


Oi! Ei regnboge! 
Søren... ei REGNboge... og vinden blæs rett mot meg.. 

Følgjer merkinga vidare, og jaggu.

DER var visst Storegga! 20 minutt seinare enn tidlegare antatt. 

Dagens mål er nådd, og sikta er upåklagelig, men det blæs jaggu friskt! Det var med livet som innsats eg slapp taket i meg sjølv for å ta bilder! 

Å gå i motvind ga eg opp, og havna derfor på baksida av Storegga på jakt etter leirplass for natta. 

Hmm... kanskje der nede ved Storeggvatnet? Kvite toppar på vatnet? Sikkert forbigåande! Eg finn nok ein plass med ly for vinden!
Beautiful from a far but far from beautiful.
Det første som møtte meg når eg stilte meg opp nede ved utløpet til vatnet var ei vindråse som kasta ein sprøyt i ansiktet på meg!
RÅTT! Men ikkje F.. om eg skal sove her!

Kursen går vidare ned mot Blåfjellsvatnet.


Ei ganske så idyllisk sæter med to hytter, eit naust, og ein utedo som eg takknemlig benytta meg av neste morgen! Å gjere sitt fornødne i regnet er aldri kjekt...






  Frå kl.22-24 går det i reisning (av telt!), gulasjsuppe og Game of Thrones!




Av dei tre kan eg slå fast at Gulasjsuppe var ikkje å føretrekke... la deg ikkje lure av bildet, dette var meir som ei tjukk tomatsuppe med gamle brødskalkar og overkokte fiskebollar... BLÆRGH!
La gå! Uten mat og drikke vandrar tullingen ikkje! (så veldig langt)




Angåande leirplass: Det vart vandra rundt heile sætra på leiting etter ein plass i le. Dette fanst ikkje. Eg trur dei må ha glømt korleis vind fungerar der oppe.
Det kan ikkje blåse frå ALLE retningar når det stikk opp fjell i ALLE retningar. Det er heilt absurd!

Likevel, no hadde eg gått ned til vatnet, og å ta meg over Blåfjell på jakt etter leirplass kl.22 om kvelden var heilt uaktuelt!  
Teltet vart bardunert kraftig frå den sida det blåste verst, 3 gongar gjekk eg ut for å sette ned igjen pluggane i duken! 
Då rann det over! Eg var trøtt, sliten, og møkk lei av å måtte krype ut av ein varm sovepose for å vimse rundt i bokser på fjellet! Den er riktignok av ull, men Stiv Kuling bryr seg ikkje om sånt! 

Eg gjekk opp i ura for å hente steinar til å leggje på pluggane. 5-10 kg vog kvar stein. Men no sto teltet iallefall støtt! 
Dette hindra likevel ikkje vinden i å trykke teltduken inn i ansiktet på meg mens kveldslektyren vart innteken... 
Rundt klokka 01.00 løya det litt med vinden, og regnet kom. Endelig! Aldri har eg vore så glad for regn!
Ein generell regel på Vestlandet er at ein har ikkje vind og regn samtidig. Trur likevel den regelen er ureglementær til tider... 

Klokka 06.45 vakna eg. Passeleg utkvild, men hadde ikkje sagt nei takk til ein ekstra time eller to på øyet.

Desverre ikkje eit alternativ; naturen kallar....

Ut åpninga på teltet vart eg møtt av skodde så langt auget kunne sjå. 


Inni her ein plass ligg Blåfjell! Ukjent terreng, ymse kompassferdigheiter, dårleg kart. What could possibly go wrong?! 





Vi startar dagen med kaffi. På denne turen har snyltekoppen snike seg med også! Gode greier, han er ein kjekk kar!






På trass av skodda hindrar det ikkje tullingen i å møte omtrent det einaste dyrelivet på heile turen; snømusa! Denne krabaten hadde nok nettopp plyndra eit fuglereir eller noko slikt, og trudde vel eg var ein konkurrerande jegar.
Eg er jo slik ein lettbeint og elegant vandrar at det er lett å forveksle oss to.!


Etter å ha tatt farvel med Snømusa får eg ein kald og våt klem av karen som skal følgje meg resten av dagen; Skoddleif!


Sjølv om han er vanskelig å ha med å gjere, kan jo Skoddleif gjere litt nytte for seg og. Her skjermar han for motlyset slik at eg får knipsa eit par bilder!


Men, han er jo rettferdig og. På sin måte. Det han gir tek han også tilbake..


Etter mykje stussing og kverulering med både mi tredje og fjerde personleghet rotar eg meg, deg og han seg opp til det høgste punktet vi fann på Blåfjell. Det var inga bok eller post å oppdrive, men den største steinen fekk duge!

Eg trudde Skoddleif hadde vore ein kjip fyr til no, men han hadde visst ikkje vakna heilt enda. På veg bort til Vardegga varta han opp med grautskodde av verste sort!

Sikta er vel omtrent 40-50 meter. Skoddleif då! Slutt å kødde! Eg har ein bursdag å rekke!

"Det har ikkje eg" - seier han likegyldig, og sett seg ned rundt toppen.


Javellja... En venn i nøden er han iallefall ikkje, men eg fann no Vardegga likevel! Gjekk rett på gjorde eg og! Ikkje verst ved hjelp av kompass og eit gjennomvått kart med alt for lavt detaljnivå.

Vidare ned mot Nesbakknakken var det heller inga merking, og Skoddleif gjorde sitt ytterste for å gjere det utfordrande.


Oppe til høgre i bildet går det ein lang rygg fram mot Nesbakknakken. Skoddleif står i vegen, men eg har kompasskurs! Du stoppar ikkje meg!


Enten fans det ingen varde der, eller så gjekk eg beint forbi han. Det var ein stor stein som stakk seg ut i landskapet men eg gjekk glatt forbi. Du vann denne runda Skoddleif...

På tide å vende nasa nedover mot sivilisasjonen. På kartet går det bratt ned alle kantar frå ryggen. Bortsett frå ei lita renne som går nedover mot ein anna rygg som hadde ført meg ganske beint på skogsvegen eg skal følgje ned frå fjellet.

Trur du eg traff...?




Nei... Det gjorde eg ikkje. Omtrent midt i bildet vil eg tru min kurs gjekk, beint ned brattaste og glattaste ura. Tullingen gjekk faktisk langs to av dei bratte steinskliene inne i skogen.

Det positive med den bratte nedstigninga var at Skoddleif datt sikkert og slo seg i hjel. Like greitt! Var lei av fyren.

Spøk til side: ned der var eg glad for at sekken var forholdsvis liten, ellers hadde det blitt mykje banning og ei potensiell ulukke!
Neste gong trur eg at ruta bør leggast til det trygge valet; følg ryggjen heile vegen ned.

Eg hadde nok ikkje tatt nokon andre med ned der. Det heiter jo ikkje "ein tulling på tur" utan grunn! Alt skal prøvast, og ein lærer best av sine feil.


Ein lyktestolpe midt i skogen?

Ser ut som noko tatt frå eit eventyr, men for min del kunne det blitt eit potensielt mareritt hadde eg prøvd å krysse på nedsida.

Eit lite stykke lenger oppe skimta eg ei bru, heldigvis! Eit godt kart hadde hatt den avmerka. Mitt kart var, som tidlegare nevnt, ikkje spesielt godt.










Etter ein lang dag med skoddeyr og fuktige sidesprang frå stein til stein såg kartet slik ut.





























No gjenstår berre sjarmøretappen ned til Bakke på ein grusveg som held høgare standard enn mange av dei kommunale vegane heime!


Intrikate dekorasjonar langs vegen.!


Takk for turen alle toppane og vatna!

Og ein spesiell takk til Skoddleif (R.I.P) som var slik ein trufast følgjesven heilt til slutten. Du gjorde turen utfordrande, men å flytte seg for å gi plass til litt utsikt ein gong iblant hadde ikkje vore å forakte!